SKOGMURMELDYRDAGEN
ufilmatisert versjon
av affa
DAG 1
Radioen vekke meg klokkå 06:00
Det e skogmurmeldyrdagen, opp og stå
Eg ser ud vinduet, kvid nysnø
Tar ein ufrivillig kald dusj
Drikke svart kaffi som e filtertrakta
Finst ikkje espresso eller cappuccino i denne drittsalongen
Salongdamå vett nok ikkje eingang ka espresso e for någe
Udpå gadå prøve ein gammal venn å sella meg livsforsikring, men eg modstår
Tråkke rett ner i ein pytt, fagerten asså
Min gamle venn syns det e skamløye
I parken møde eg tv-crewet
Me lage ein reportasje om skogmurmeldyret som liksom sga spå om det blir ein lang vinter eller ikkje
Skogmurmeldyret spår at det blir ein lang vinter
DAG 2
Radioen vekke meg klokkå 06:00
Det e skogmurmeldyrdagen, opp og stå
Vent litt ... dette har jo allerede skjedd
Eg ser ud vinduet, kvid nysnø
Tar ein ufrivillig kald dusj, kanskje eg vågne av det
Drikke ein heil kanne filtertrakta kaffi
Salongdamå tror eg e spinnhakkanes galen
Udpå gadå komme han der gamle kompisen igjen
Vil sella meg livsforsikring, men eg har jo allerede sagt nei
Tråkke rett ner i ein pytt, fagerten asså, han bare ler
I parken prøve eg å forklara tv-crewet ka som skjer, men de avfeie meg
Skogmurmeldyret spår at det blir ein lang vinter
DAG 3
Radioen vekke meg klokkå 06:00
Skogmurmeldyrdagen
Eg ser ud vinduet, kvid snynø nok ein gang
Droppe dusjen
Drikke ikkje kaffi
Kjøbe ikkje livsforsikring
Orke ikkje å laga reportasje om det hekkans dyret
Dette har eg jo allerede vore gjønå
Tv-crewet tror eg abe meg te, kalle meg ein diva fordi eg ikkje vil laga ein reportasje
Skogmurmeldyret spår ein lang lang lang vinter
​
​
DAG 4
06:00
Skogmurmeldyrdagen ⎯ fasikken i helgedde
Ka faen e det som skjer
Ud vinduet, kvid nysnø, IGJEN
Eg ignorere dusjen, kaffien
Livsforsikring, nei takk, fuck det her
Eg spør om någen andre oppleve det same som meg
Vinteren tar aldri slutt
​
DE NESTE FEMTI DAGENE
sove eg igjønå
Det her e heilt hål i håve
Eg ser ingen grunn te å forlada sengen
Bestille take-away, om eg har giddå
Ser ein film ein gang i blant
Ghostbusters
Lost in translation
Moonrise Kingdom osv.
Miste motet
Ka e poenget
Miste livslysten
​
DE NESTE HUNDRE DAGENE
begår eg sjølmord på alle tenkelig vis
Eg fryse meg ihjel
Brenne meg sjøl på bålet
Skyde meg sjøl i håve
Stupe ned i asfalten fra den høgaste etasjen i ein blokk
Tar overdose på sovepiller og forskjellige typer narkotika
Lar meg bli påkjørt av bil, buss, båd, tog, traktor, tesla, m.m.
Spise giftig sopp
Svømme i etsende syre
Kullosforgifte meg
Støpe kroppen min fast i sement
Hoppe inn i søppelbilen som klemme meg flad
Drukne meg sjøl
Spidde meg sjøl
Sprenge
Krasje
Knuse
Falle
Tappe blod
Øks
Kniv
Brekkjern
Sirkelsag
Skrujern
Glasskår
Rosetorner
osv.
​
DAG 155
They say we're young and we don't know
Kvid nysnø
Litt motivasjon
Dusj
Kaffi
Livet
Barn
De elske skogmurmeldyret
Stekt og fritert, de elske skogmurmeldyret, flådd
Vinteren e jaktsesong
​
DAG 156
Rise and shine, don't forget your booties
cause it's cold out there today
Plystre på hunden
Nå drar me på skogmurmeldyrjakt
Hoppe over buskår og tømmerstokkår
Se, der
Stille nå, ver kloge
Onde øyne
Lokk dyret ud av holet, grib halen og slå hardt
Kakk skallen
For et beist
Ikkje hold tebage, flerr huden
Steik kjøttet, kog hodet, grill flesket
Barnå elske det
​
DAG 157
ny dag
masse nysnø
mett i magen
salikatt asså
det fungerte
​
​
​
​
​
​
​
​
​